Kongsberg Gruppen kuttar 260 jobbar

Oppkjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine gjer at Kongsberg Gruppen reduserer talet fulltidstilsette med 260.

Geir Håøy er konsernsjef i Kongsberg Gruppen.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Nyhende

Det vart klart då resultatet til konsernet for første kvartal vart lagt fram fredag. Framlegginga var den første sidan milliardoppkjøpet formelt vart gjennomført 1. april.

– Vi held i dag og i tida framover «town hall»-møte i organisasjonen, og vi vil redusere talet fulltidstilsette med 260 på noverande tidspunkt, seier finansdirektør Lisa E. Haugan i Kongsberg Maritime ifølgje E24.

Diverse tiltak skal gjennomførast for å sikre årlege innsparingar på rundt 200 millionar kroner. Innan 2022 skal innsparingane vere på 500 millionar per år.

20 kontor skal leggast ned, og Vung Tau-anlegget i Vietnam blir selt.

– Vi er allereie i gang med å ta ut synergiar. Målet er ambisiøst, men lønnsemd på kort sikt er den beste strategien vår på lang sikt. Tiltaka er heilt nødvendige for å skape lønnsemd i dagens marknad, bygge bru til framtida, sikre berekraftig vekst og arbeidsplassar. Ambisjonen vår er å vere den leiande aktøren innan leveransar til den maritime industrien framover, seier konsernsjef Geir Håøy.