Trebaatfestivalen 15.-18. august:

Ina & Ørjan og Kjellen kjem - i tillegg til Vangsgutane og Pineapple Express

Programmet for Trebaat-festivalen 2019 byrjar å ta form. Det blir blant anna show med Ine & Ørjan, dans med Vangsgutane og Pineapple Express. Og frå Hovdebygda kjem sjølvaste Kjellen.

Pineapple Express Olav Sindre Kriken, Øyvind Krøvel, Torgrim Skjerdal, Ole Johnny Kvalsund, Vegard Grimstad og Geir Arne Ose i Pineapple Express spelar opp til dans i festivalteltet laurdag 17. august.   Foto: Pressefoto.

Nyhende

Line Urke og Hugo Antonsen i Trebaatfestivalen har tru på at dei er i ferd med å setje saman med eit program som skal drage mykje publikum til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik.

Fredag 16. august blir det mellom anna sommarshow med Ina Breivik og Ørjan Liavåg i festivalteltet. To av dei beste komikarane på Vestlandet har slått seg saman i «Ina & Ørjan Show», i ei herleg blanding av heilt nye nummer og karakterar og utsøkte reprisar.

Ina er mest kjend for karakteren Margot, den fritalande ålesundsfrua og godt og vel 80 år, medan Ørjan kanskje er mest kjend som Leif-Per Moltubakk. Men hjørungavågaren har også stått på scena saman med Marit Voldsæter, Fredrik Steen, Christine Hope og Dagfinn Lyngbø.

Vangsgutane spelar til dans

Når Ina & Ørjan går av scena tek «Vangsgutane» over festivalteltet for å spele opp til dans. Bandet har base i Vestnes, og starta opp i 1990. Etter nokre år i dvale dukka bandet opp att i 2005, og har sidan halde det gåande. Det er folkrock, hovudsakleg frå Irland og dei britiske øyane som utgjer det meste av repertoaret. Med i Vangsgutane er Britt Elise Skram på fele, Gunnar Rafteseth på Trekkspel, Jørgen Wiik på fløyter, Lasse Krogseth på bass, Magne Steinsvoll på mandolin, banjo og song, Terje Bystøl Hansen på trommer og Karl-Arne Frantzen på gitar og song.

(Saka held fram under bildet)

Vangsgutane Bandet Vangsgutane frå Vestnes spelar folkrock, hovudsakleg frå Irland og dei britiske øyane. Dei spelar til dans i festivalteltet fredag 16. august.   Foto: Pressefoto.

 

Kjellen og Pineapple Express

Laurdag 17. august byr på mellom anna Kjellen-Show i festivalteltet. Kjellen har lova eit hysterisk morosamt soloshow frå start til slutt. Kjell «Kjellen» Bigset har sidan 2005 sett spor etter seg i humor-Norge, og han lovar å skape stemning i festivalteltet i Ulsteinvik.

Stemning vil nok også bandet Pineapple Express frå Ørsta skape når dei spelar opp til dans i festivalteltet laurdag kveld.

Rikhaldig program elles

Kystmarknad, losvandring, festival-quiz, gratis frukost laurdag og tivoli er berre litt av alt det andre som skal skje i Ulsteinvik 15.–18. august.