Arbeids- og sosialministeren skrytte av satsingsviljen i Hareid då ho besøkte helsehustomta:

- Ei veldig god løysing

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og 1. nestleiar for Høgre i Møre og Romsdal, Monica Molvær, fekk servert heimelaga bakst av partifelle, Hareid-ordførar og fylkesordførarkandidat for Høgre, Anders Riise. Dei tok ein liten pust i bakken på tomta til det nye helsehuset som skal byggast på Hareid, før Hauglie skulle vidare med ferja nordover.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) tok ein liten pust i bakken på Hareid laurdag, etter å ha deltatt i Bygdepride 2 i Volda før på dag. Der møtte ho og 1. nestleiar i Møre og Romsdal Høgre, Monica Molvær, partifelle og Hareid-ordførar Anders Riise. Riise, som også er fylkesordførarkandidaten til Høgre, viste ministeren planane for helsehuset, men også planane til Coop kring ein heilt ny butikk like ved.