"Kuppa" Gullruten laurdag kveld:

Tonje overraska Lene med frieri på direkten

Her gjekk ulsteiningen Tonje Frøystad Garvik ned på kne i Grieghallen i Bergen, under direktesende Gullruten, og spurde sambuaren Lene om ho ville gifte seg med ho. Lene svara raskt "ja".   Foto: Skjermdump/TV2.

Nyhende

Under det direktesende programmet Gullruten på TV2 laurdag kveld fekk publikum, både i salen og framfor TV-apparata i det ganske land, oppleve noko heilt spesielt.

Programleiar for kvelden, Sigrid Bonde Tusvik, kommenterte i det kameraet tok turen ut i salen for ein såkalla "kiss cam", men det blei etter kvart klart at det var meir som skulle skje enn nokre enkle kyss.

For plutseleg styrte kameraet inn mot ulsteiningen Tonje Frøystad Garvik og hennar sambuar Lene Sleperud - som begge blei godt kjende som deltakarar under fjorårets Farmen.

Kjendisadvokat John Christian Elden med fleire som sat på rada bak plukka så fram ein plakat med eit flott bilde på, og Tonje tok handa til Lene for å be ho med ut på golvet. Tonje gjekk ned på kne og fridde til si Lene.

- Vil du gifte deg med meg, spurde Tonje, og Lene svara raskt "ja".

Du kan sjå frieriet via TV2 sine eigne nettsider, om du går inn her.