Søskena Karrar (25) og Zahraa (15) fekk opphald i Norge – men busetting i Levanger:

– Vi ønskjer å bli i Ulsteinvik

Fordi Zahraa Al-Azzawi er mindreårig, og fordi Ulstein kommune ifølgje IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) ikkje har gjort eit vedtak om busetting av mindreårige i 2019, har ho og broren Karrar i staden fått opphald i Levanger.

Kokkelering: Då Vikebladet Vestposten var på besøk heime hos Berit Lyngstad og Per Eide var Karrar og Zahraa Al-Azzawi på middagsbesøk. Dei skulle lage irakisk kebab – og Per prøvde å spøkje litt med Karrar om han eigentleg var så god til å lage mat. – Dette blir godt det, svara Karrar smilande. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Ein veldig trist situasjon, når det eigentleg berre skulle vore glede etter eit vedtak om opphald, seier dei til Vikebladet Vestposten.