Væpnar seg på 17. mai

Også politifolk frå Ulstein og Hareid lensmannskontor vil bere våpen på nasjonaldagen.  Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem

Nyhende

Det blir væpna politi også i Hareid og Ulstein på nasjonaldagen.

Det skjer etter at Politidirektoratet for nokre veker sidan bestemte at politifolk over hele landet skal bere våpen på større arrangement under årets 17. mai-feiring.

– Dette er altså avgjort sentralt, så politifolka som til vanleg har våpen i bilen, vil på 17.mai bere våpen også her på Hareidlandet, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Ifølgje Politidirektoratet ligg det ikkje føre konkrete trugslar mot 17.mai-feiringa.