Knappare for norske kommunar neste år

Staten held igjen på frie inntekter til kommunane. Dette vil merkast når utgiftene til barnevern og pleie- og omsorg skal bli betalt.

– Så forstår eg at det er krevjande å sy saman kommunebudsjettet, men det er eit godt rom for å auke tenestetilbodet og ikkje minst ha meir effektive tenester, seier Monica Mæland (H).  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Veksten er på mellom 0,3 og 0,5 prosent.

Kommunal- og moderniseringsministeren argumenterer for at den låge veksten gir moglegheiter både til auka effektivitet og betre kvalitet i tenestene.

– Krevande budsjett

– Så forstår eg at det er krevande å sy saman kommunebudsjettet, men det er eit godt rom for å auke tenestetilbodet og ikkje minst ha meir effektive tenester, seier Monica Mæland (H).

Tysdag la regjeringa fram kommuneproposisjonen for 2020 saman med årets reviderte nasjonalbudsjett.

Det går bra i Noreg, og dermed blir kommuneøkonomien stramma inn. Utgiftene kommunane har til pensjonar har vorte mindre. Lista over talet på kommunar på Robek-lista som blir overvaka fordi dei har dårleg råd, blir reduserte.

Tøft for små kommunar

Regjeringa legg opp til at kommunane får ein vekst i såkalla frie inntekter på mellom 1 og 2 milliardar kroner i 2020. Fylkeskommunane får mindre i 2020 enn i 2019. Kommunaldepartementet varslar eit spenn i inntektene til fylkeskommunane på mellom – 200 til 100 millionar kroner.

Senterpartiet er bekymra på vegner av innbyggjarane i kommunane og fryktar at kommunane ikkje blir i stand til å oppfylle forventningane som regjeringa skaper.

– Dette vil merkast på pleie og omsorg for eldre, men også for barna. I mange kommunar er dette den største utgiftsposten. Det blir kutt. Tilboda og kvaliteten på det dei eldre får, vil bli redusert. I Oslo kan det bety at folk blir flytta frå ein del av byen til den andre, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Færre ungdommar

For fylkeskommunane vil det merkast på budsjetta at det er nedgang i talet på elevar i vidaregåande.

– Vi har lagt opp til å dekke demografiutgiftene. Kommunane får auka utgifter, medan fylkeskommunane har nedgang i demografien sin fordi det blir færre 16- og 18-åringar, seier Mæland.

Kutta for fylkeskommunane vil gå ut over elevane, varslar SV.

– Dette vil ramme elevane i vidaregåande skular, dei som treng hjelp til oppstart av bedrifter og alle som er avhengig av transport, enten du køyrer på fylkesvegane eller med buss og ferjer, seier SVs kommunalpolitiske talsperson Karin Andersen. Ho meiner at heile regionreforma er spel for galleriet, og at planen til Høgre og Framstegspartiet er å legge ned fylkesnivået.

KS reagerer òg på at regjeringa legg opp til å redusere inntektene til fylkeskommunane. Det har i fleire år vore reduksjon i overføringane til regional utvikling.

– Regjeringa og Stortinget veit at det ikkje er nok å vedta ei reform, det må faktisk pengar til, seier leiar Gunn Marit Helgesen i KS.