Kunstgras, Bjørndals Minne og mykje meir

Ulstein formannskap har møte i dag, tysdag 14. mai. Her får dei orientering om utbygging av Ulsteinvik barneskule.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I dag, tysdag 14. mai,  er det formannskapsmøte i Ulstein.

På dette møtet skal formannskapet mellom anna ta stilling til om dei skal forskottere spelemidlar til utskifting av kunstgras og utbetring av lysanlegget på Høddvoll. Rådmannen rår formannskapet til å forskottere i overkant av 1,12 millionar kr i spelemidlar. Pengane blir tatt frå kapitalfondet.. Når spelemidlane kjem inn skal pengane betalast tilbake.

Ulstein Rotaryklubb har også søkt kommunen om å forskottere pengar til Høddmonumentet, men det går ikkje rådmannen inn for. Men han går inn for at kommunen løyver 100 000 kr til grunnarbeid og fundamentering.




 

Båe desse to sakene går vidare til kommuenstyret.

Ulstein formannskap skal også gjere tilråding til kommunestyret om kommunen skal kjøpe Bjørndals Minne, som dei har fått tilbod om. Rådmann og levekårsutvalet meiner nei.




- Stiftinga og kommunen bør snakke saman

Bjørndals Minne er tema i denne vekas leiarartikkel.



 

Årsmeldinga og rekneskapen for Ulstein Eigedomsselskap KF skal også opp. Det skal også årsrapporten og rekneskapen for Ulstein kommune.


 

Formannskapet skal ta stilling til nye SFO-vedtekter og finne folk til å sitje i TV-aksjonskomiteen.