Neste år kan skattepengane komme tidlegare

Nyhende

Mange ventar no på å få skattepengane inn på konto. Det skjer først i slutten av juni. Neste år kan dei komme tidlegare.

I revidert nasjonalbudsjett orienterer regjeringa om eit IT-prosjekt i Skatteetaten som heiter Sirius.

Når dette blir rulla ut, vil det skje fleire endringar rundt skattemeldinga:

* Du vil få den førehandsutfylte skattemeldinga tidlegare enn i dag.

* Du vil fortløpande kunne levere skattemeldinga

* Skatteoppgjeret vil som hovudregel vere ferdig rett etter leveringa.

– I praksis betyr dette at mange skattytarar i framtida vil få skatteoppgjeret langt tidlegare enn i dag. Som i dag vil tilgodebeløpet bli utbetalt eit par veker etter at skatteoppgjeret er ferdigstilt, opplyser regjeringa.

Sirius-prosjektet skal etter planen vere ferdig i 2021. Men regjeringa varslar no at Skatteetaten vil vere i stand til å gi eit tidlegare skatteoppgjer allereie før heile prosjektet er ferdig.

– Frå og med våren 2020 vil dei fleste skattytarane få skatteoppgjeret før 31. mai i skattefastsettingsåret, opplyser regjeringa.

Dei som går på ein smell og må betale restskatt, må likevel ikkje betale han tidlegare enn no. Det skal heller ikkje bereknast rentetillegg av restskatt som blir betalt innan 31. mai i skattefastsettingsåret, opplyser regjeringa.