– Manglar berre pipene

Berre menn møtte i Ulstein formannskap denne veka.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det var mykje testosteron samla rundt møtebordet til Ulstein formannskap sist tysdag. Renathe Rossi-Kaldhol hadde meldt forfall. Egil Ulfstein møtte som vara for henne. Lisa Mari Breivik Anderson har fødselspermisjon, så Oddvar Gjerde møtte for henne. Det gjorde at det berre var menn som møtte til dette møtet. Knut Erik Engh var ugild i ei sak, men varaen hans var også ein mann: Alf Johan Antonsen.