Heidi stryk fleire bunadsskjorter enn dei fleste andre:

– Veldig kjekt at gutane vil ha bunad

Heidi Lauvstad Heimland i Ulsteinvik skal stryke fem bunadsskjorter til nasjonaldagen. – Eg er slett ingen ekspert, men eg stryk mykje til kvardags også, seier ho. Sjølv skal ho ha uniform på 17. mai, sidan ho spelar i Musikklaget Ulf. Og skjortene bør vere ferdige i god tid før nasjonaldagen, for Heidi skal lage frukost til heile korpset på 17. mai.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Heidi Lauvstad Heimland i Ulsteinvik har ikkje tal på kor mange bunadsskjorter ho har stroke opp gjennom åra. Ho og ektemannen Leif har seks søner.