Undersøking:

Dei fleste vil spare på skattepengane

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): Dei fleste vil setje skattepengane på sparekonto eller betale ned gjeld, men mange bruker òg pengane på ferie, viser undersøking.

I slutten av juni vil fleire få skattepengar på konto. Ifølgje ei undersøking gjort av YouGov for Landkreditt Bank vil heile 37 prosent setje skattepengane inn på sparekonto.

– Eit gledeleg resultat, som viser at veldig mange nordmenn ser verdien av å setje midlar til side, seier Lars Johannessen, leiar for personmarknad i Landkreditt Bank i ei pressemelding.

Resultata frå undersøkinga viser at mange nordmenn er forsiktig med pengane sine.

Ein av fire svarer at dei vil nytte skattepengane til ferie, nesten like mange vil bruke pengane til å betale ned på bustadlån, kredittkortgjeld eller anna gjeld. Berre 6 prosent seier dei vil setje pengane på fondsparing, og 3 prosent vil investere i aksjar.