Rykte ut til brann i russebil

Foto: Tipsar 

Det er store skader på russebilen. Foto: Andreas Bjerknes 

Nyhende

Politiet skriv onsdag på twitter at naudetatane rykkjer ut til Saunes. Bakgrunnen er at ein har fått melding om brann i ein bil.

Ifølgje politiet er det ikkje personskade som følgje av brannen og ingen skal vere eksponert for røyk.

Brannvesenet fekk kontroll over flammane og har fått sløkt brannen, men det er betydelege skader på russebilen.