Røysetvegen:

Nærmar seg ferdig - Kaldholdbrua opnar i juni

Her frå då dei siste betongelementa kom på plass over Kaldholelva nyleg.  Foto: André N. Overvåg.

Nyhende

Ifølgje Hareid kommune sine heimesider nærmar arbeidet på Røysetvegen seg no slutten.

I dag, torsdag starta arbeidet med å fjerne asfalt der ei grøft skal gravast utover dalen mot Bjåstad, mellom husnummer 284-290, og på ei lengd på rundt 450 meter.

- Det vil bli skilta ved innkøyrsla til Røysetvegen kvar vegen er stengd til ein kvar tid. Bebuarar vil få melding når dei må endre omkøyringsveg, skriv Hareid kommune på nettsidene sine.

Grunnforholda vil avgjere kor lang tid det vil ta å grave ferdig denne grøfta. Uansett er målet å opne Kaldholbrua for trafikk ein eller annan gong i løpet av veke 22, fyrste heile veka i juni. Frå dette tidspunktet av slepp ein å køyre rundt Kvitholvegen lenger. I veke 23 blir det lagt asfalt frå Bjåstad og innover - så langt som eit båtlass rekk. Det er entreprenørverksemda Brekke & Kleppe som står for arbeidet på Røysetvegen.