Mot utbygging av vindkraftindustri:

Startar lokal protestorganisasjon

Nei til Vindturbinar i Nordvest: John Ivar Myklebust (t.h.) og Øyvind Grimstad Gryt er høvesvis leiar og nestleiar i det førebelse styret i den nyskipa protestorganisasjonen «Nei til Vindturbinar i Nordvest» (NVN). 

Nyhende

Sist måndag vart foreininga «Nei til vindturbinar i Nordvest» skipa, det skjedde på Ishavsmuseet i Brandal med 10–12 eldsjeler til stades.

Det førebelse styret fekk John Ivar Myklebust frå Brandal som leiar og Øyvind Grimstad Gryt frå Hareid som nestleiar.

Søre Sunnmøre er mellom 13 nye område i landet som NVE meiner er eigna til utbygging av vindkraft.

– Utbygginga som NVE legg opp til vil verte den største raseringa av norsk natur som nokon gong har funne stad, seier John Ivar Myklebust.

Han fortel at oppstarten kom i gang i samband med fjellmarsjen for naturen på søndag i regi av Ålesund og Sunnmøre Turistforening, Barnas Turlag på Hareid og Ulstein og Hareid Jeger- og fiskarforeining.



– Der var det fleire som diskuterte om det ikkje var på tide å organisere lokal motstand, fortel Myklebust.

Med i styret er også Inger-Johanne Saunes, Ulstein, Kjell Tandberg, Tjørvåg, Trude Nordal, Volda og Arne Sivertstøl, Ulstein. Luis Fonseca, Ulsteinvik er varamedlem.

– Det første og viktigaste steget for den nye organisasjonen, er å få ut informasjon til folk om dei store øydeleggingane og dei alvorlege konsekvensane ei utbygging av vindkraftverk vil medføre. Difor kjem vi til å arrangere fleire folkemøte i tida framover, seier Myklebust. Han er overtydd om at når folk får betre kjennskap til følgjene av ei slik utbygging, så vil også det folkelege engasjementet verte deretter.

– Vi reknar med at dette vil kunne verte den største enkeltsaka i valkampen i alle dei kommunane som vert råka av utbyggingsforslaget. Kjem ein for seint i gong er det uråd å nå fram med protestane sine, det er nok å nemne Haramsøya og Frøya, seier Myklebust.