IMDi har snudd i saka om søskena Al-Azzawi:

Zahraa og Karrar får bli i Ulstein

Då Vikebladet Vestposten var på besøk heime hos Berit Lyngstad og Per Eide måndag var Karrar og Zahraa Al-Azzawi på middagsbesøk. Sidan den gong har det skjedd mykje. For dagen før nasjonaldagen, torsdag 16. mai - kom beskjeden dei berre hadde håpa på å få. Dei får bli i Ulstein!  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Dagen før nasjonaldagen kom det ein epost frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) tikkande inn i den elektroniske innboksen til Ulstein kommune. Der stod det at søskena Zahraa (15) og Karrar Al-Azzawi (25) får busetting i Ulstein likevel, så lenge kommunen gjer sin del.