Dobbelt bankbesøk

Hasund Bygdahus fekk eit særleg kjekt besøk nyleg. Representantar frå kvar sin bank banka nemleg på med kvar si pengegåve.

Fekk pengar: Andre Nevstad fra Sparebanken Møre, Leif Petter Kleven, Torill Haddal, Olav-Arne Garshol og Wenche Aursnes frå styret i Hasund Bygdahus og Lillian Breivik fra Sparebanken1. Ikkje tilstades fra styret i Hasund Bygdahus Iver Bjørnereim og Per Johan Skinnes. 

Nyhende

Hasund Bygdahus hadde sendt søknad til bankane i samband med at dei pussar opp kjøkkenet.

Bygdahuset skriv følgjande på Favebook-sida si: «Veldig kjekt besøk på bygdahuset i dag frå Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Begge bankane hadde med ein gåvesjekk i forbindelse med søknad om midlar til oppussing av kjøken. Heile kr 150.000,- fekk vi. Fantastisk! Dette vert det sett stor pris på og gir ny giv - her er meir som trengs å ordnast. Bygdahuset er til stor glede for nærmiljøet og er mykje i bruk. Då er det stas å få midlar til å oppgradere og gjere det trivelig.»

Kjøkenet: Det nye og det gamle kjøkenet. 

 

Skule og samlingshushus

Hasund Bygdahus vart skipa samstundes med at det vart bygd ny skule på Hasund. Målsetnaden var å syte for lokale til fem ideelle organisasjonar i Hasund krins. Det er eit arbeidsstyre med representantar frå folk i bygda som har ansvar for utleige og vedlikehald.

Det er mange som nyttar lokala utanom skuletid. Hasund og Dimnøy Skulekorps, Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps, Hasund og Dimnøy Danseklubb, Hasundgot IL og Hasund og Sundgot Sanitetsforeining brukar lokala vederlagsfritt på kveldstid og bygdahuset vert utleigd til selskap og anna når huset er ledig.