Inviterer til temamøte om vindkraft og klima

Kva meiner lokale politikarar om utbygging av vindkraft og klimaendringar? Desse emna vert tatt opp på eit temamøte på Ulstein bibliotek neste onsdag.

– Utbygging av lokale vindmølleparkar er noko som vert diskutert mykje i desse dagar. Men kva meiner dei lokale politikarane våre om dette? spør Rune Brandal. Arkivfoto 

Nyhende

– Utbygging av lokale vindmølleparkar er noko som vert diskutert mykje i desse dagar. Men kva meiner dei lokale politikarane våre om dette?

Rune Brandal er oppteken av både vindkraftutbygging og klimaspørsmål og har tatt initiativ til eit temamøte på Ulstein bibliotek onsdag 22. mai. Der vil han invitere lokale politikarar til å ta del i eit diskusjonspanel. I tillegg skal Alv Ottar Folkestad legge fram sitt syn på vindkraftutbygging, sett frå ståstaden til ein naturvernar.

– Vindkraft har både negative og positive sider, men det er viktig å få fram desse før fristen for å kome med innspel til NVE sitt forslag om vindturbinutbygging går ut den 1. oktober. Sjølv trur eg at ei utbygging ikkje er naudsynt. Ved å oppgradere turbinane ved dagens vasskraftverk og tette alle lekkasjar i kraftrøra rundt omkring kan ein utnytte kapasiteten langt betre enn i dag, meiner Brandal.

– Eit anna emne vi tek opp er klimakrisa. Frigjering av karbon dannar CO₂ når denne gassen reagerer med oksygenet i lufta. Dette fører til eit varmare klima. Er global oppvarming berre menneskeskapt, eller er dette ein del av ein større syklus? Vi håper å få fram kva syn dei folkevalde har på desse spørsmåla, seier Rune Brandal.