Smak av Ulstein 16. juni:

Festkonsert med Jussi og Bror

Til hausten debuterer Bror Magnus Tødenes på Kungliga Operan i Stockholm, på same scene som Jussi Björling la grunnlaget for operakarrieren sin. Men først skal Bror Magnus trollbinde publikum på Sjøborg med Jussi Björling-festkonsert i juni.

Paris, Stockholm, Sjøborg: Tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund blir sentralt under festkonserten med Jussi Bjørling på Sjøborg 16. juni. Her er han fotografert utanfor Opera Bastille i paris der han song tidlegare i år. Til hausten står operaen i Stockholm for tur. Foto: Bertil Tødenes.  Foto: Bertil E.Todenes

Festkonsert på Sjøborg: Søndag 16. juni blir Jussi Björling i høgsetet når fire dyktige operasongarar framfører songar som som den svenske tenorlegenda har hatt på repertoaret.  Foto: Bertil Tødenes

Nyhende

Den svenske tenoren Jussi Björling (1911–1960) blir rekna for å vere ein av musikkhistorias største songarar. Under festkonserten på Sjøborg kulturhus får publikum høyre musikk frå fleire av glansrollene hans. I Romeo og Julie (Gonoud), Rigoletto (Verdi), La Boheme (Puccini), Perlefiskerne (Bizet) og mykje meir.

Dyktige songarar

Aktørar under konserten blir Bror Magnus Tødenes (tenor), Siv Oda Hagerupsen (mezzosopran), Ida Katrine Hagen Johansen (sopran), Lars Eggen (baryton) og Hallvard Fremstad (piano). På programmet står både ariar, duettar, tersettar og kvartettar ved saman med korte historier om Jussi Bjørling. Frå Jussi Björlingsellskapet kjem Stefan Olmårs og Roger Alderstrand. Dei to har inngåande kjennskap til Jussi Björling sitt liv og virke, og publikum kjem tett inn på musikken, musikarane og mennesket Jussi Björling.

Stor suksess i utlandet

Tenoren Jussi Björling er for mange «tenoranes tenor». Han vart fødd i den vesle byen Borlänge i Dalarna i Sverige, og fekk songundervisning av faren, David Björling. Jussi debuterte berre fem år gammal og turnerte med brørne og faren i Sverige og USA som Björling-kvartetten.

19 år gammal debuterte han på Kungliga Operan i Stockholm og seinare hadde han stor suksess i utlandet. Mellom anna song han ved Metropolitan-operaen i New York i fleire sesongar. Jussi vart ein av hovudattraksjonane ved «The Met» i 1940- og 50-åra, og han gjorde ei rad roller som har blitt ståande som referansar innan operakunsten. Han gjorde også mange plateinnspelingar og Jussi vart dagleg spelt på radio og TV over heile verda. Han blir stadig hylla av fagfolk og publikum.


 

Festkonserten på Sjøborg får støtte frå Jussi Björlingselskapet.

Billettar kan tingast via sjoborg.no – eller i kinokiosken 45 minutt før konserten.