Leidulv Grimstad og kona Eldrid bur i leilegheit øvst i Teigane. No er begge pensjonistar. – Her slepp vi hagearbeid og snømåking, seier Leidulv. Alle dei fire borna og dei ni barnebarna deira bur på Geilane. – No gler eg meg til å bruke meir tid saman med barnebarna. Og så skal eg bruke meir tid på kjøkenet, seier han. Foto: Linda Eikrem

- Det finst mykje beskjeden kristendom i Hareid

Leidulv Grimstad meiner det var rett å gje seg som prest no. Men det er éi oppgåve 68-åringen ønskjer å behalde sjølv om det kjem ny sokneprest i Hareid.