Ulsteiningen Kristine Skeide:

Lever draumen i Brasil

Kristine Skeide, Luiz Felipe og gode kollegaer: Frå venstre ser ein Luiz Felipe, Saliza, Kristine, Elisa, Fernanda og Matheus. Ein annan kollega, Gabriella, var ikkje til stades på bildet - og nemnde Elisa har fått seg anna arbeid sidan dette bildet blei tatt. Foto: Luiz Felipe.  Foto: Privat

Eg bestilte ei reise der eg ikkje skulle planlegge noko som helst - og var open for alt

Kristine Skeide
Nyhende

For å bryte ut av A4-livet heime i Norge reiste ulsteiningen Kristine Skeide ut i verda på jakt etter noko anna. Tilfella gjorde at ho møtte brasilianaren Luiz Felipe, som også hadde lagt ut på ei liknande reise. Kristine og Luiz Felipe skulle kome til å gjere meir ut av vennskapet sitt, og nyleg opna dei si eiga verksemd, Búzios Orgânica Comida e Café, i Armação dos Búzios, ein kommune i delstaten Rio de Janeiro.