Vi vil ta Ulsteinsamfunnet vidare framover

Nyhende

I Ulstein er vi inne i ei flott og spennande utvikling. Vi er i toppen av nasjonale kåringar for god og effektiv drift. Vi har næringsliv som satsar på nye og flotte prosjekt og som skaper og utviklar gode og framtidsretta arbeidsplassar. Vi har aktive og engasjerte lokalsamfunn i dei ulike krinsane. Og vi er i ferd med å få eit utruleg fint og meir og meir levande og attraktivt sentrum.

Vi som lever og bur i Ulstein har mykje å vere glade for og stolte over.

Og i september skal vi igjen velje dei representantane som skal vere med å ta ansvar for utviklinga av Ulsteinsamfunnet vidare framover.

Dei siste 8 åra har eg, som representant for Arbeidarpartiet i Teknisk Utval, teke aktivt del i, og har fått vere med å legge til rette for, denne utviklinga. Og eg ønskjer å få fornya tillit til å ta del i det flotte samarbeidet vi har i Ulstein, ilag med representantar for andre parti, i nær kontakt og samarbeid med det lokale næringslivet, i godt samspel med regionale styresmakter, og med ein dyktig og engasjert administrasjon, for å ta utviklinga i Ulstein enno fleire steg framover.

Og siktemålet vårt vil vere å sikre innbyggarane generelt og enkeltmenneska som har valt å bu her eit velfungerande, inkluderande og tilpassa lokalt velferdssamfunn, der alle vert omfatta av og får ta medansvar for at kvar og ein har det godt, i alle livsfasar.

I Teknisk Utval har vi i siste perioden mellom anna vore med å:

- Godkjenne og legge til rette for at dei store arbeidsplassane skal få utvikle seg vidare.

- Godkjenne at yngre krefter får busette seg og drive bruk i krinsane.

- Godkjenne og legge til rette for at flotte nye tiltak vert sette i gong i sentrum.

- Legge til rette for gode samarbeidsprosjekt mellom private og offentlege interesser.

- Gjennom arealplanarbeidet legge til rette for satsing på turisme og fritidsnæringar også i Ulstein kommune.

Mykje av dette har vi vore felles om, uavhengig av partigrenser. Men vi har også skilt lag når meir prinsipielle saker har vore oppe. Og dette gjeld både i Teknisk Utval og i Kommunestyret. Og særleg kan det vere grunn til å nemne 2 slike saker der ein tydeleg ser skilnaden på Arbeidarpartiet og partia på høgresida.

Desse 2 sakene var:

- Forslag til ny konsesjonslov der den lokale innflytelsen på avhending av bruk vil verte fjerna, og der marknaden skal styre kjøp og sal av areal.

- Forslag til deregulering av drosjenæringa, der kven som helst kan ta på seg drosjeoppdrag når det passar dei.

Begge desse forslaga ser vi som eksempel på systematiske endringar som fører til undergraving av levande distrikt og som vert ein fare for godt og tenleg lokalt eigarskap, småskala-arbeidsplassar og tenester i små lokalsamfunn.

I neste periode må vi rekne med at vi oftare må vurdere tiltak og saker der klima og miljø vert ein tydelegare del av beslutningsgrunnlaget også i våre lokale prioriteringar. Der vil eg vere ei tydeleg stemme for at vi alltid må tenkje berekraft, energi-effektivisering og miljøsikring. Vi må ta tydeleg ansvar for å stoppe den negative miljø- og klimautviklinga vi no er inne i, også i vårt vesle lokalsamfunn.

Og trass i den klare tendensen til å bygge ned fellesskapsløysingar og velferdsordningar vi no dagleg ser oppslag om, og som allereie rammer svake grupper også i vårt lokalsamfunn, vil vi gjere det vi kan for å medverke til ei anna politisk tenking, og til å finne gode lokale løysingar til beste for våre innbyggarar.