Bror Magnus tolkar Jussi Bjørling på Sjøborg og Eiksund grendahus

- Jussi hadde på ein måte ei tåre i stemma si

Heime: Bror Magnus Tødenes er glad i heimbygda Eiksund. Laurdag 15. juni blir det Jussi Bjørling-foredrag og mini-konsert i Eiksund Grendahus. Bror Magnus skal synge, og det same skal eit hittil ukjent, lokalt talent gjere. Foto: Bertil Tødenes. 

Nyhende

Bror Magnus Tødenes (26) sit og klimprar på pianoet heime hos foreldra sine i Eiksund. Operasongaren, som blant mange andre superlativ også har blitt kalla «eit sensasjonelt talent», har basen sin på Kolbotn utanfor Oslo. Oppdraga står i kø. Han pakka kofferten i november i fjor, og kom ikkje heim før i april i år. Heldigvis har han ei kone, Ida Katrine Hagen Johansen, som forstår kva det dreiar seg om. Ho er sjølv operasongar, og veit at det ikkje er nokon 9-16-jobb.