Flø, ei perle eller eit sandkorn?

Kommunen sitt strateginotat når det gjeld turistsatsing på Flø har skapt uro i bygda.  Foto: Illustrasjon / Jorulf Myrene

Nyhende

No skal vi altså satse på turisme i Ulstein og Flø skal verte eit turistfyrtårn. Det vil seie at Flø skal vere ein av hovudattraksjonane for å trekke turistar til regionen. Flø er viktig for mange, både for oss som bur her, men også for mange av dei som besøker oss dagleg, opptil fleire gongar for dag. Vi som bur på Flø er stolte av bygda og deler gjerne med andre. Men med fleire og fleire besøkande ser vi utfordringar som bør løysast før ein marknadsfører Flø for nye grupper. I følgje Ordførar Knut Erik Engh har arbeidet med turisme satsinga på Flø vore ein open prosess. Dette er vi usamde i.

Ingen open prosess

Det stemmer slik ordføraren seier at det har blitt halde folkemøte. I 2018 var arealplan tema og det blei informert om at kommunen vil satse på turisme og bygge rorbuer i strandsona. Men det blei presisert at der var ingen endringar for Flø i arealplanen. På folkemøta på Ulstein var det både i 2018 og 2019 mange som tok til orde for å løyse dei utfordingane ein allereie har med den store lokalturismen. Dette sa utsendingane frå kommunen at dei ville ta med seg vidare.

Heilt tilfeldig vart det fanga opp at det skulle satsast på turisme på Flø i stor skala, då ein las sakspapira til kommunestyremøte den 21.02.19. Der var det eit strateginotat som skildrar ønska situasjon for Flø: Flø er ein nasjonalt og internasjonalt kjend destinasjon. Flø er staden der du både kan oppleve storhavet, vandre på fjellvidder, verte kjend med kystkulturen omgjeven av urørt natur – på eitt brett. “Ditt næraste Lofoten” for folk i Sør-Skandinavia, Tyskland m.m. ….. Dette skapte sterk uro på Flø og Flø Grendelag inviterte på kort varsel til folkemøte, to dagar før kommunestyremøtet. Ordførar Engh og Audun Hopland møtte for kommunen. På dette møtet vart det klart at kommunen verken hadde planar eller avsett midlar til å løyse utfordringane ein allereie har på Flø. Likevel vil kommunen satse på Flø som turistfyrtårn. Saka kom opp i kommunestyremøtet to dagar etter, og då sa ordføraren at etter hans oppfatning var flest parten han møtte på Flø, positive til turismesatsinga i bygda. Denne utsegna er vi overraska og skuffa over!

Då klagen på kommunestyret sitt vedtak i februar gjeldande «Forstudie til reiselivsplan» blei behandlast på kommunestyremøtet 24.mai, opplyste ordføraren om at alle argumenta som aksjonsgruppa har kome med er vel kjende frå før. Argumenta går på trafikk langs heile Fløvegen, infrastrukturforhold, renovasjon og sanitærforhold, belastninga på landbruk, arbeidsplassar i landbruket, natur, dyr og fugleliv. Trass i at argumenta er velkjende for leiinga i kommunen så ser vi ikkje i svara kommunen har gitt i folkemøta, strateginotat eller kommunestyre planar, midlar eller intensjonar om å utbetre eller ta omsyn til desse forholda. Argumenta er altså høyrde, kjende og ignorerte av kommunen. Dette er provoserande!

Ingen medverknad

I intervju med Ordføraren i Sunnmørsposten den 26. mai står det at aksjonsgruppa har vore inviterte til dialog. Dette stemmer ikkje, det har ikkje vore dialog eller møter mellom Fløfolk og kommunen. Og det er jo nettopp det klagen gjeld; manglande deltaking i prosessen med å utnemne Flø som turistfyrtårn. Dei planane som er lagde for Flø vil ha stor innverknad på kvardagen til folk på Flø og langs Fløvegen. Vi meiner at alle enkeltpersonane som har signert underskriftsaksjonen, er berørte partar og må ha rett til å klage på vedtaket.

Medverknad slik Ordføraren presenterer det, er å få lov til å presentere argumenta sine. Det er ikkje dette som er medverknad etter lova! I plan og bygningslova §5-1 står det:

Planmyndigheten skal gjennom hele planarbeidet sørge for åpen, bred og tilgjengelig medvirkning i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Planmyndigheten skal tilstrebe størst mulig offentlighet og reell medvirkning i planprosessene.

Planarbeidet har starta!

Ordføraren er overraska og skuffa over er at Aksjonsgruppa og fløfolket ikkje kan slå seg til ro med at arbeidet med reiselivsplanen ikkje er kome i gong enno og at alle skal få kome til orde når ein kjem dit. Vi kan ikkje slå oss til ro når realiteten er at arbeidet med reiselivsplanen er langt kome. Strateginotatet vart godkjent av kommunestyret, det betyr det at innhaldet er akseptert som grunnlag for komande reiselivsplan. Føringane for den komande reiselivsplanen er no vedtekne av kommunestyret. Så kan Ordføraren gjenta så mange gongar han vil, at planprosessen ikkje har starta enno. Dei einaste som har hatt medverknad i denne prosessen er turistnæringa som var invitert til ein tre timar lang Workshop, som la grunnlag for strateginotatet.

Ei gruppe av grunneigarane på Flø har skrive brev til kommunen og spurt om kva kommunen har å tilby turistane som kjem til Flø. Så godt som all grunn på Flø er privateigd. Kva er det kommunen skal marknadsføre? Skal kommunen drive med kommersiell verksemd på annan manns grunn? Brevet låg i sakspapira som ei referatsak på kommunestyremøte den 23. mai, men ingen tok stilling til kommunen si haldning til problemstillingane og det har ikkje blitt å utforma eit svar til brevskrivarane.

Kommunen må gjerne jobbe vidare med satsing på turisme, det einaste vi ber om er at avsnitta om Flø som står i Strateginotatet, vert fjerna og at Flø ikkje vert politisk vedteke som Turistfyrtårn. Flø er ei perle, ikkje reduser det til eit sandkorn!

Berit Roppen, Flø