Kommunar får ikkje vetorett mot vindturbinar

Stortinget seier nei til å gi kommunane vetorett mot vindkraftanlegg. Bildet er frå Eigersund i Rogaland.   Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Stortingsfleirtalet vil ikkje gi kommunane rett til å setje ned foten for vindturbinanlegg, slik MDG og Senterpartiet ønskte.

Dei to partia ville sikre at kraftselskap ikkje kan få løyve til å setje opp vindturbinar i strid med lokale ønsker. Dei fremma forslag om lokal vetorett då energikomiteen behandla eit SV-forslag om eigarskap og skatt på vindkraft. Men dei fire regjeringspartia og Arbeidarpartiet seier nei, skriv Stavanger Aftenblad.

Arbeidarpartiet, Høgre, Frp, KrF og Venstre meiner likevel at det per i dag er ingen døme på at staten har gripe inn og gitt konsesjon mot lokale styresmakter og viljen til grunneigarar.

– Dersom eit kommunestyre seier nei, skal dette framleis ha svært stor vekt i konsesjonsprosessen, skriv dei fire partia i merknadene sine.

SV seier òg nei til lokal vetorett, men grunngir dette på ein annan måte:

– Vi har sett uheldige avtalar der utbyggjarar har tilbode skiløyper og varmestover. Kommunane kan ha fleire grunnar til å seie nei, men viss nokon seier nei utan at naturomsyn ligg bak, så blir det feil at kommunar skal ha vetorett. Det er naturomsyn som skal ha vetoretten, seier miljø- og energipolitisk talsperson Lars Haltbrekken (SV) til Stavanger Aftenblad.