Færre blir mobba i Møre og Romsdal

Hausten 2016 signerte rektor Leon Romestrand og elevar og tilsette på Ulstein ungdomsskule at dei var imot mobbing.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Elevundersøkinga 2018 viser at det er færre elevar som svarer at dei bli mobba på skulane i Møre og Romsdal.

Konstituert fylkesmann Rigmor Brøste skriv i ei pressemelding at det er gledeleg at mobbetala går ned. Det er viktig med kontuniutet i arbeidet med mobbing, dette er noko som må prioriterast høgt.

Frå 1. august 2017 vart det innført eit nytt regelverk om skulemiljø, som styrker eleven sine rettar. Det inneber at skulane har ei aktivitetsplikt som skal sikre at dei handlar raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

Dersom skulen ikkje tar tak i saka, kan eleven melde frå til Fylkesmannen.

Brøste skriv at mange skular jobbar godt for å gje elevane ein god og trygg skulekvardag. Skulen har ei aktivitetsplikt når elevar eller foreldre melder frå om at ein ikkje har det trygt og godt på skulen.  Skulen skal då lage ein skriftleg plan som skal innehalde opplysningar om kva problem som skal løysast, kva skulen har planlagt av tiltak, når tiltaka skal gjennomførast, kven som er ansvarleg og når tiltaka skal evaluerast.

Dei aller fleste saker etter kapittel 9A i Opplæringslova blir løyst og avslutta på skulen. Men dersom skulen ikkje grip inn og sett inn tiltak som fungerer, kan eleven melde frå til Fylkesmannen. Om Fylkesmannen finn ut at skulen ikkje har gjort nok, kan skulen risikere å få dagbøter.

Vaksne er viktige rollemodellar

Den siste tida har ein høyrd i nyheitene om politikarar som blir utsette for hets, sjikane og trugslar for meiningane sine. Brøste vil minne alle vaksne på at me er viktige rollemodellar for borna våre.  - Her må kvar og ein gå i seg sjølv - barna er vår viktigaste ressurs! Nulltoleranse mot mobbing og utanforskap, er det vi vaksne som har ansvaret for, er oppmodinga frå Brøste.


Positive røynsler med mobilforbod i skulen

Leik er rota til det gode

Signerte mot mobbing