Politiet i Ulstein og Hareid:

Promillekontroll - og misvisande blåseprøve

Nyhende

Klokka 02.32 natt til torsdag melde politiet i Møre og Romsdal via sin Twitter-konto at det hadde blitt gjennomført ein promillekontroll på fylkesveg 26, Sundgotvegen. 11 bilistar blei kontrollerte, men det blei ingen reaksjonar frå politiet si side.

Klokka 10.42 torsdag melde politiet at Utrykningspolitiet hadde stoppa ein bilførar på Hareid, som fekk utslag på ei blåseprøve. Men - då vedkomande blei frakta til lensmannskontoret for ein såkalla evidenzertest, viste denne at promillen faktisk var under den lovlege grensa.