UEKF-styret i saka om den store kostnadssprekken på Ulstein Arena:

– Dette må vi ta som ein stor lærdom

Styret i Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) vedtok byggekostnaden på Ulstein Arena i møte måndag denne veka – men ikkje før dei ulike styremedlemmane hadde fått sagt sitt om saka.

Kritisk Styremedlem i UEKF, Håvard Stave, stilte seg undrande til mykje av det som ligg bak den store kostnadssprekken på Ulstein Arena-prosjektet. – Dette var eit enormt prosjekt, som vi burde hatt mykje betre styring på. No er det svært viktig at vi faktisk tek lærdom av dette, sa Stave under styremøtet i Ulstein Eigedomsselskap KF måndag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Kva det faktisk kosta å byggje Ulstein Arena blei nyleg klart, etter nærmare 10 år med planlegging og bygging.