Kommunen heldt dialogmøte på Ulstein bibliotek om sjølvkøyrande bussar :

– Målet er å teste nye løysingar for lettvint og grøn lokaltransport

Tysdag inviterte Ulstein kommune til dialog kring ei mogleg testrute for sjølvkøyrande bussar, som i forslaget skal gå mellom Ulstein Arena og Høddvoll-området. Spesielt inviterte var innbyggjarane som bur langs den aktuelle ruta.

Svara på spørsmål Prosjektleiar Audun Hopland og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) svara på spørsmål frå salen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Ulstein kommune ønskjer å teste ut elektriske sjølvkøyrande bussar i Ulsteinvik våren 2020. Det skal dessutan vere eit gratis tilbod i prøveperioden, som først er tenkt sett til rundt tre månader.