– Sjå til Ulstein

Gry Nordal, Knut Erik Engh, Verner Larsen og Marit Botnen er stolte og glade over at Ulstein kommune får rosande omtale.   Foto: Svein Arne Orvik

Nyhende

Det var ikkje Ulstein kommune, men Trondheim kommune, som vann Innovasjonsprisen 2019. Men ordførar Knut Erik Engh heng ikkje med hovudet av den grunnen. Han er stolt av at Ulstein kommune var ein av berre tre nominerte til denne prisen som Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut ein gong i året.