Innbyggjarinitiativ mot vindkraft

Overleverte 400 underskrifter

Stort engasjement: Inger Johanne Saunes prøvde å få ordførar Knut Erik Engh til å melde seg inn i ulike grupper mot vindkraftutbygging, for å få meir informasjon. Men som ordførar synest ikkje Engh at han kan gjere det. På underskriftslista fann han ein del kommunestyremedlemer, han trur nok dei må seie seg ugilde når saka kjem opp i kommunestyret. Også i Hareid, Herøy og Sande er det samla nok underskrifter til at saka kjem opp som innbyggjarinitiativ i kommunestyra.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ulsteinordførar Knut Erik Engh takka for underskriftene og lovde at kommunestyret får opp innbyggjarinitiativet som sak.