Møter Træff på Høddvoll

Heimekamp for Hødd-damene laurdag.

Hødd tek imot Træff til heimekamp på Høddvoll laurdag.   Foto: Erik K. Heimdal

Nyhende

Etter nokre tøffe kampar mot topplaga i avdelinga skal Hødd laurdag opp mot Træff, laget dei spelte mot i fjorårets opprykkskvalifisering.

Då enda det i utgangspunktet med tap over to kampar for Hødd, men laget fekk likevel sjansen til spel i 2.-divisjon etter at andre lag måtte trekkje seg.

Så langt denne sesongen er det også Hødd som har fått den beste starten og som står med sju poeng etter sine seks første kampar. Træff har tatt tre poeng på fem og har framleis til gode å ta poeng på bortebane.

Træff sine tre poeng kom i ein 5–0 siger over Sunndal, men laget frå Molde har mellom anna tapt for Nardo, som Hødd slo heime på Høddvoll tidlegare i sesongen.