Ny nasjonal klimastreik 30. august

I mars streika elevar i Ulstein og Hareid for klimaet. 30. august blir det arrangert nasjonal klimastreik.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

For å få klima på dagsordenen i lokalvalet i haust, blir det arrangert ein ny nasjonal klimastreik 30. august.

Det er Spire, KFUK-KFUM, Changemaker, Natur og Ungdom og Skolestreik Norge som arrangerer klimastreiken.

I vår har det vore halde to nasjonale klimastreikar, men manglande handling frå styresmaktene gjer det nødvendig med ein ny streik, ifølgje klimaaktivistane.

– Regjeringa har ikkje tilstrekkelege mål, og langt frå tilstrekkelege tiltak, seier Tina Razimafimby Våje, som er initiativtakar til skulestreik i Noreg.

Stortinget avviste torsdag kravet frå klimastreikarane om å stanse oljeleiting, stramme til det norske klimamålet, trappe opp klimabistanden og erklære at vi er i ei klimakrise. Berre SV, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt støtta krava.

Leiar i Changemaker Embla Regine Mathisen er klar på at streikerørsla vil halde fram til ho får gjennomslag:

– Vi streikar fordi Noreg framleis ikkje har tatt innover seg det enorme ansvaret vi har for klimakrisa, seier ho i ei pressemelding.

I mars streika om lag 40.000 skuleelevar framfor Stortinget i Oslo for ein annan kurs i klimapolitikken. Etter streiken sette regjeringa i gang «klimatoppmøte» mellom ei rekke statsrådar og klimaaktivistar.