Sans vil sjenke i Brandal

Sans Pub har lagt ned drifta i kjellaren på Melshorn hotell, men ønskjer å flytte drifta over til Brandal Grendahus.  

Nyhende

Sans Pub har søkt Hareid kommune om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3. Dei vil halde til i kjellaren på Melshorn Hotell, men vil no flytte over drifta si til Brandal Grendehus. Dei tenkjer seg konsertar, stand up-show, quiz med meir.

Styrar for skjenkeløyvet blir Jartrud Hareide, avløysar Johannes Arne Røren.

Levekårsutvalet gjekk samrøystes inn for å gje dei skjenkeløyve. Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak i saka.