– Ny vigselordning kan styrkja banda til kommunen

– Vigselretten til kommunane har ein større symbolsk verdi enn ein kanskje hadde tenkt før ordninga blei innført for vel eitt år sidan, meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune.

SYMBOLSK: – At folk vender seg til kommunen og ikkje staten for å få utført dei viktigaste handlingane i livet, kan styrkja banda mellom innbyggjarane og kommunen, meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid kommune. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Bjørlo er kjent som ein ordførar med sterke meiningar om mangt og mykje, men overføringa av vigselretten til kommunane hadde den meiningssterke ordføraren eigentleg ikkje så sterke meiningar om før ordninga tok til å gjelda frå 1. januar i fjor. Då blei vigselretten for borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane.