Stengjer vegar for asfaltering

Denne veka skal både Røysetvegen og Reina på Hareid asfalterast og det vil føre til stengde vegar medan arbeidet går føre seg.  

Nyhende

Onsdag og torsdag skal det leggjast nytt dekke på både Reina og Røysetvegen i Hareid. Kommunen ber personar som bur i området vere merksame slik at dei ikkje blir innesperra medan asfalteringa går føre seg.

Ifølgje Hareid kommune skal Reina/Gamle Brandalsvegen asfalterast frå onsdag morgon.

” Det vil føre til stengd veg og stengde utkøyrsle frå tomter som ligg langsmed strekninga som skal asfalterast. Viss du skal ut med bil i tidsrommet 08–16 vil det vere smart å parkere bilen utanfor område som ikkje har asfalt i dag. Då er du sikker på at du ikkje blir sperra inne”, skriv kommunen på sine nettsider.

Torsdag er det Røysetvegen som skal asfalterast og her vil lengre strekningar bli stengde medan asfalteringa går føre seg. Her vil kommunen kome med fleire detaljar i løpet av veka.