Onglasætra Vel:

Opna nærmiljøanlegg

Mange har allereie tatt i bruk det flotte anlegget i Onglasætra, men først laurdag vart den offisielle opninga gjennomført.
Nyhende

Onglasætra Vel har i fleire år jobba med å få på plass eit nærmiljøanlegg på eit friområde i Onglasætra. Delar av anlegget har allereie vore mykje brukt, noko som har motivert dugnadsgjengen som har jobba med prosjektet.