To mista førarkortet

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal skriv måndag kveld på twitter at det har vore gjennomført ein trafikkontroll langs Hareidsvegen ved Bigset.

I løpet av kontrollen vart det gjennomført to førarkortbeslag, medan ein sjåfør fekk forenkla forelegg. Fokuset på kontrollen var fart og høgaste målte hastigheit var 88 km/t i 60-sone.