Innbyggjarundersøking i Hareid

Totalen er på 3,7 av 6 moglege

Hareid kommune fekk inn 844 svar på innbyggjarundersøkinga si. Det svarer til 21 prosent av dei som kunne svare.

Innbyggjarhøyring: Rådmann Ragnhild Velsvik Berge og Erlend Friestad ville vite kva innbyggjarane i Hareid kommune synest om kommunen. No er resutlatet klart. Arkivfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

For første gong gjennomførte Hareid kommune i vår ei innbyggjarundersøkinga. Alle innbyggjarar over 18 år fekk høve til å svare. Det vart delt ut postkort i postkassene med kode så folk kunne logge seg inn på datamaskiner, nettbrett eller mobiltelefon og svare på kva dei synest om å bu i Hareid.