Opplev Hareid 18.–23. juni:

– Velkomen til festival i kulturbygda Hareid!

Arbeidsgruppa og ungdommar i skjønn foreining: Bak ser ein fire frå arbeidsgruppa til Opplev Hareid, Sigrid Jønsson (f.v.), Bente Andreassen Pilskog, Lene Veiseth og kulturkonsulent i Hareid, Christine Øvrelid. Ikkje til stades frå arbeidsgruppa var Annika Brandal, Idar Flø, Stein-Erik Flø og Linda H. Røssevoll. Framme ser ein dei unge, Skaiste Jonaityte (f.v.), Oline Bigset, Pravin Selva, Omar Hajimatov og Rajith Tharun.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

«Brøytekant» Under opninga av ungdomsklubben torsdag 20. juni, speler Hareids-gruppa «Brøytekant» konsert.   Foto: Arkiv.

Eliasbåten Her er eit bilde av Eliasbåten frå eit tidlegare Opplev Hareid-år, og i år kjem den tilbake, laurdag 22. juni.   Foto: Arkiv.

Nyhende

Frå tysdag 18. til søndag 23. juni går Opplev Hareid av stabelen (lenkje til programmet).

Årets program er innhaldsrikt, og har større fokus på ungdommen enn tidlegare.

– Det er vår generasjon som veks opp i Hareid no, og difor er det veldig kjekt at noko som vi også likar godt skjer under Opplev Hareid, seier Pravin Selva til Vikebladet Vestposten.

Lokalavisa møtte Sigrid Jønsson, Bente Andreassen Pilskog, Lene Veiseth og kulturkonsulent Christine Øvrelid frå arbeidsgruppa bak Opplev Hareid, i tillegg til fleire ungdommar – til ein prat kring festivalen.

Dei kan fortelje om ei innhaldsrik festivalveke, med mykje forskjellig på plakaten.

– Dette er verkeleg ein festival i kulturbygda Hareid, seier Bente Andreassen Pilskog.

Ekstra fokus på ungdommen

I evalueringa etter fjorårets Opplev Hareid kom arbeidsgruppa fram til at det hadde vore for lite program retta mot ungdommen. Det ønskjer ein å gjere noko med i år.

– Vi hadde ikkje treft ungdommen i det heile. Slik skal det ikkje vere, seier Lene Veiseth.

Den relativt nytilsette kulturkonsulenten Christine Øvrelid er med i årets arbeidsgruppe, og har vore i dialog med ungdomsrådet i Hareid og ungdom generelt sidan ho starta i jobben i fjor.

– Vi tenkte på kva ungdommen ville ha, og snakka mykje med dei. Vi fann fram til at det å tilby mat, aktivitetar og musikk var ein god kombinasjon, seier Christine Øvrelid.

Torsdag 20. juni blir det opning av den etterlengta og heilrenoverte ungdomsklubben på Hareid, der Hareids-bandet «Brøytekant» skal spele konsert.

Fredag 21. juni følgjer ein opp med ein eigen ungdomskveld på Melshorn Hotell, i regi av FAU, ungdomsrådet og Melshorn Hotell. Her blir det taco, bingo og konsert med populære «Ufokusert».

Mange opplevingar i Hareid

Arbeidsgruppa beskriv årets Opplev Hareid som ein heilskapleg festival, der ein i teorien skal kunne nytte heile dagen i Hareid, med arrangement på fleire kantar.

– Laurdagen er på ein måte hovuddagen, både i høve handelsstanden og liv og røre i parken. Då blir det alt ifrå gratis frukost i sentrum, til lesestund på biblioteket, båttur med Eliasbåten, barnepark med hoppeslott og andre leikar for borna, open dag med skyttarklubben i Hjørungavåg, internasjonal mat på ressurssenteret – til «Snip-snap-swim» i regi av Hareidlandet Triatlon på Snipsøyrvatnet.

– Det blir mykje liv i sentrum og krinsane denne dagen. Konsert frå scena i parken, med eit eige lite mini-UKM fletta inn – til dømes. Det er mange lokale lag- og organisasjonar som skal i sving, og det heile er i grunnen eit einaste stort dugnadsprosjekt. Det viser at vi kan få til mykje flott i fellesskap, og at vi har mykje å by på her i hareid, seier Bente Andreassen Pilskog og Lene Veiseth.

– Nye arrangement har kopla seg på i dagane fram mot Opplev Hareid, noko som viser at mange ser verdien av å bli med på denne fellesdugnaden. Vi gler oss veldig til dette, og håper flest mogleg tek turen til Hareid for å oppleve mykje kjekt saman med oss, seier arbeidsgruppa saman til slutt.

Det blir også til dømes quiz tysdag 18. juni, dialogmøte med den nye soknepresten onsdag 19., politikardebatt torsdag 20. og Melshornet opp søndag 23 – for å nemne noko.

For komplett program kan ein sjå annonsen som står på trykk i dagens avis, eller sjekke Opplev Hareid si Facebook-side.