Alvorleg trafikkulukke i Sula - ferjene blir omdirigert

Nyhende

Tysdag føremiddag har det vore ei alvorleg trafikkulukke ved Eidsnes i Sula. Ein person er alvorleg skadd etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein lastebil.

Som følgje av ulukka er fylkesveg 61 stengd og dette medfører trafikale utfordringar for trafikken som kjem frå ferjesambandet Hareid – Sulesund.

Ifølgje NRK Trafikk kan det ta lang tid før vegen blir opna igjen. Politiet melder på Twitter at Vegtrafikksentralen vurderer å dirigere om ferjene frå Hareid–Sulesund til Solavågen.

Føraren av personbilen er frigjort og blir køyrt til sjukehus.

Oppdatering: Fjord1 skriv i ei driftsmelding at ferjene på Hareid - Sulesund vil gå til Solavågen inntil vidare. Dei skriv at ein må rekne med forseinkingar grunna omdirigeringa.