Arbeidsveke i NRK Supernytt

Mali Bjaastad saman med programleiarane i Supernytt; Johannes Slettedal og Selma Ibrahim.  Foto: NRK

Nyhende

Mali Bjaastad frå Ulsteinvik hadde nyleg ein litt uvanleg arbeidspraksis.

Sist veke hadde nemleg niandeklassingen arbeidsveke i Supernytt i NRK i Oslo.

Frank Sivertsen, redaksjonsleiar i Supernytt, skriv i ein e-post til Vikebladet Vestposten at Mali har vore synleg på fleire TikTok-ar (Supernytt har åtti tusen følgjarar der), og at ho har laga flerire svar-o-meter. Det siste er ein eigen app som rundt tjue tusen born dagar svarar på.

Sivertsen skriv at Mali oppsummerer veka på følgjande måte: "Eg fekk oppleve mykje kjekke ting og fekk ein ny ven som heiter Emilie. Eg rår alle til å jobbe i Supernytt i arbeidsveka, det var ei oppleving for lviet."