Elevar og lærarar frå Ulstein vidaregåande skule:

Deltok på prestisjetung NTNU-konferanse

Elevar og lærarar frå UVS var på NTNU-besøk for å vise kva skaparkraft som ligg i ungdom.

På NTNU-besøk: I alt elleve elevar og tre lærarar var på besøk ved NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) i mai. Her frå NTNU-skiltet på campus i Trondheim. Foto: UVS. 

Nyhende

Konferansen NKUL (Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring) blir arrangert av og ved NTNU, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Statped – og blir kalla for Norges største møteplass for den som har interesse for bruk av IKT i undervisning. Til konferansen kjem rundt 1.000 lærarar seg frå grunnskular, høgskular og universitet i heile landet.