Innsendt:

Ber inn til avseglarfest for «Polarstar»

The Grand Old Lady er klar for nye eventyr. Laurdag seglar ho nordover.

Polarstar: 26. august 2017 kom skuta heim til Brandal til ein folkefest med nær 2000 menneske som applauderte skuta og reiaren då «Polarstar» la til kai. Fredag blir det avseglarfest før skute reiser nordover for nye eventyr. 

Nyhende

Men før ho kan segle må det skipast til avseglarfest etter gamal tradisjon. Ishavsmuseet inviterer til avseglarfest førstkomande fredag. På menyen står seibiff og fløytepoteter. Ein god dessert høyrer også med. På festen får ein høyre om kva skuta skal gjere dei komande åra. Det blir ikkje selfangst, men mange spanande turar. Lux & Lano kjem på festen og viser eit utdrag frå siste framsyninga si, der «Polarstar» hadde ei av rollene. Og Knut Selvåg vil spele på trekkspelet sitt.

Ekspedisjonsturisme

Etter nokre rundar har reiaren kome til at den mest fornuftige bruken av skuta i ei periode framover vil vere reiseliv, gjerne ekspedisjonsturisme. Mats Forsberg og Ivar Haugen vil no ta henne til Tromsø som vil vere utgangspunkt for denne satsinga. Dette vil også vere i eit tett samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak, der vi saman skal utvikle skuta til å vere eit levande dokumentasjonssenter for norsk polarfangst og historie. Ishavsmuseet vil såleis nå enno lenger ut med si formidling.

Med rundt 50 turar på selfangst og ei rekkje andre spanande oppdrag i nordområda, mangla det ikkje på dramatiske episodar i brottsjø og skruis. Likevel var det første del av 2000-talet som var mest skremmande då «Polarstar» vart berga frå opphogging to gongar. Første gong av Lars og Bjarne Brandal. «Polarstar» var slita då Willy Nesset fekk hand om skuta og redda den frå opphogging i 2008. I 2013 gjekk «Polarstar» til Polen for restaurering i nært samarbeid med Riksantikvaren, ved VS Poland og Marine Constructions, Szczecin, sine anlegg.

Mykje pengar og arbeid er lagt ned av reiar Nesset, og ikkje minst av dei mange frivillige som har teke del i dette etter at skuta kom heim. Men no skin «Star’en», som ho gjerne vert kalla på folkemunne, igjen som den kvite svana ho alltid har vore kjend som.

«Polarstar» er ein juvel som for komande generasjonar skal minne oss om den store og dramatiske ishavshistoria som for landet vårt har hatt så stor betydning.

Laurdag ettermiddag seglar den ut på nye eventyr og du er velkomen til å vere på kaia å sjå den vel av garde. Påmelding til museet om du vil delta på avseglarfesten fredag.