Møte med mannskorveggen

Det har vore tradisjon å ha ein stor mannskorkonsert i Ulstein kyrkje under «Smak av Ulstein». I år er det Ulstein mannskor, Herøy mannskor og Dalsfjorden mannskor som skal skape den mykje omtala «mannskorveggen».

veggen: Ulstein mannskor og Herøy mannskor slår seg saman og lagar ein «vegg» av mannskor under Smak av Ulstein.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Dalsfjordingar: Dalsfjorden mannskor er kortreiste gjestar under mannskorkonserten.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Herøyværingar: Robert Skeide har dirigert Herøy mannskor i 11 år. Byr høvet seg, syng dei i lag med Ulstein mannskor, som no under «Smak av Ulstein».  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

- Tilbakemeldingane frå desse konsertane, seier Robert Skeide, dirigent for både Ulstein og Herøy mannskor, - er at publikum synest best om fellesnumra. Så i år har vi heile sju slike der alle tre kora stiller opp.

Skeide trur det må vere på tiande året at Ulstein mannskor tek seg av denne konserten.

- Det har blitt tradisjon, slår han fast.

Vanlegvis har det vore reine mannskor og maskuline klangar på gjestelista, men i fjor deltok også det estiske damekoret «Paide Naiskoor» - og året før derigjen eit blandakor frå Ørsta.

Kortreist gjestekor

Det «kortreiste» gjestekoret Dalsfjorden mannskor vart skipa i 2001,- inspirert av filmen om Berlevåg Mannssangforening, og har sidan vore ein stor bidragsytar til kulturlivet i Dalsfjorden.

Koret syng for det meste songar frå den klassiske mannskorlitteraturen, men går ikkje av vegen for å prøve nye, uvanlege ting. Dei har songar på repertoaret som spenner over mange stilepokar og fleire land.

Koret er ikkje veldig stort, men har habile songarar, som høyrer heime i bygdene frå Steinsvika til Velsvika. Magne Drabløs har vore dirigent frå starten av.

Tradisjonsberar

Ulstein mannskor er ein av våre store tradisjonsberarar, skipa så tidleg som i 1884. Robert Skeide har dirigert koret sidan 1975. I 2008 tok han også over Herøy mannskor etter Jostein Storøy - eit kor som vart skipa rundt tusenårsskiftet og som i 2008 gav ut CD-en «Der havet bryt». Dei to kora opptrer ein del i lag, men øver separat.

Tilsaman vil dei tre kora kunne mønstre eit felleskor på over 40 songarar - og då får du gjerne ein ekstra effekt.

Litt av kvart

Om repertoaret seier Skeide at det blir litt av kvart. - Sjølvsagt kjende ting her på Sunnmøre som Johan H. Grimstad sine komposisjonar. Og så får publikum høyre «Når fjordene blåner», negro spirituals, «Stjernesangen» av Sibelius - og ei fin lokal sak; songen «Mor», etter eit dikt Louis Røren skreiv til mora si gravferd i fjor. Eg sette tone til diktet og laga eit arrangement for mannskor, fortel Skeide.