Søkjer ny økonomileiar

Sluttar: Egil Mortensen sluttar som økonomileier etter å ha hatt jobben sidan 2015.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Egil-Andre Ness Mortensen sluttar i jobben som økonomileiar for Hareid kommune. Kommunen søkjer no ny økonomileiar. Dei søkjer ein kreativ økonomileiar som liker rydding og vil vere med dei i jakta på å frigi midlar. Kommunen er open om at kommuneøkonomien er under press, dei treng å frigi driftsmidlar til investering. Til dette treng dei ein person som er tydeleg og har handlingskraft og gjennomføringsevne.