Storsatsing under Smak av Ulstein

Under mottoet «Ulstein i 100», har alle butikkar og restaurantar i Ulsteinvik blitt samde om ei felles satsing under «Smak av Ulstein».

Ønskjer velkomne: Handelsfolket i Ulstein ønskjer publikum velkomne til trivelege dagar i Ulsteinvik sentrum under «Smak av Ulstein». Frå v.: Therese Aasen Håheim (AKY), Turid Hofseth (Bizarre), Ingrid Dybhavn (Pernilles Clinique), Brita Waage Linge (P. F. Waage), Greta Overvåg (Overvåg) og Maria Johnsen (Floyd Overvåg). Framme frå v.: Kathrine G. Ulstein (Senterleiar Blåhuset) og Helene Holstad (senterleiar Amfi Ulsteinvik).  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Satsinga inneber at alle butikkane har felles opningstider desse dagane: Fredag 14. juni til klokka 22.00 og laurdag 15. juni til klokka 18.00. Dette gjeld også Pernilles på Blåhuset.

Alle butikkar og spisestader har også eit «Ulstein i 100»-tilbod, som inneber at det alle stader finst tilbod til 100 kroner.

Ved Amfi Ulsteinvik arrangerer Ulstein kunstlag utstilling med brukskunstnarane Kari Selnes og Bjarne Nielsen, og ved Blåhuset stiller Greta Håkonsholm og seks andre ut kunstverka sine i 2. etasje.

Det er ganske mange år sidan dei to kjøpesentera og nis-jebutikkane har hatt felles opningstider under «Smak av Ulstein».

– Det er kjekt at vi har lukkast med å få til dette i år. For kundane og folkelivet i Ulsteinvik generelt, er det ein stor fordel at dei som er i Ulsteinvik desse dagane veit at alle butikkar og spisestader er opne, kommenterer Line Urke i Ulstein Næringslag.

– Vi satsar på fint vêr under «Smak av Ulstein», og kjem til å trekke mykje av butikkane våre ut på gatenivå. Vi vil ha mange gode tilbod, og vi kjem til å pynte rundt butikkane våre. Ulsteinvik sentrum skal skine desse dagane, lovar handelsfolket i Ulsteinvik.