Hareid kommune:

E. coli-bakteriar funne i bekk på Overåsanden

Overåsanden.  Foto: Arkiv.

Nyhende

- Det har nok vore slik lenge, utan at det har fått nokon konsekvensar hittil. Men vi ønskjer å gå ut med informasjonen, slik at folk veit det. Badevatnet ved Overåsanden har vi ikkje tru på inneheld bakteriar som gjer at det er skadeleg å bade i det, men vi skal ta vekentlege prøver av vatnet gjennom sommaren, seier Erlend Friestad, informasjonskonsulent i Hareid kommune.

Hareid kommune opplyser på sine heimesider fredag, at dei har tatt vassprøver av dei to bekkane som renn ut over Overåsanden.

I den eine, den som ligg nærast Hjørungavåg, blei det funne E. coli-bakteriar.

- Vi vil difor åtvare mot at ein badar eller leikar i denne bekken. Kommunen har sett opp sperringar kring bekken og ber om at desse blir respektert, skriv kommunen på heimesidene sine.

Jobbar med permanent løysing

Avrenninga til sjøen er svært lita. Kommunen er difor ganske sikre på at dette ikkje vil påverke kvaliteten på badevatnet i sjøen. Det vil altså likevel bli tatt vassprøver av sjøvatnet kvar veke i sommar. Fyrste prøve blir tatt måndag 17. juni.

- Det har antakeleg vore utfordringar med bakteriar i denne bekken i fleire år, men no har vi fått det fastslått og vil derfor varsle innbyggarane. Kommunen arbeider no med å finne ei permanent løysing som kan få bukt med problemet. I den andre bekken, den som er midt på stranda, er det ikkje funne bakteriar, opplyser Hareid kommune.