Hastevedtak om fire meter

Røysetvegen: Arkivfoto frå før det vart lagt ny asfalt på Røysetvegen. 

Nyhende

Hareid formannskap gjorde tysdag eit hastevedtak om at minimum vegbreidde på Røysetvegen blir mimimum 4 meter. I utgangspunktet skulle han vere mimimum 3,5 meter brei.

Dette vil medføre ein ekstrakostnad på 300 000 kr.

Kommunelova opnar for at formannskapet kan gjere slike vedtak i hastesaker.

I dette tilfellet var entreprenøren alt på staden for å asfaltere.