Trude Bjørlykke Hansen frå Haddal:

Teikna fylkesvåpenet til nye Viken fylkeskommune

Juryleiar Andreas Lervik, vinnar av konkurransen, Trude Bjørlykke Hansen og fellesnemnda sin leiar, Anette Solli (H), viser fram vinnarutkastet.  Foto: Hallvard Mørk Tvete/Østfold fylkeskommune.

Nyhende

Trude Bjørlykke Hansen (47) sitt forslag til nytt fylkesvåpen for det nye storfylket Viken, «Trippel fjellspeiling i vann», blei til slutt vinnaren av konkurransen sett i gang av fellesnemnda til det nye storfylket som blir til i 2020. Eit fylke som vil bestå av det som tidlegare var Buskerud, Akershus og Østfold - og som vil ha totalt 1,2 millionar innbyggjarar.